Velkommen til Balestrand

Kviknes Hotel ligg i sentrum av Balestrand, ei vakker og frodig vestlandsbygd midt i verdas vakraste eventyr! Her strekkjer tre fjordarmar seg vidare inn i landet, med små grender som perler mellom fjord og fjell. Med si sentrale plassering ved Sognefjorden har Balestrand heilt sidan slutten av 1800-talet teke godt i mot gjester frå inn- og utland. Her kan du slappe av i fred og ro, gå på utstillingar, vere med på fjordcruise, fiske i fjorden eller gå på fjelltur. Bygda har litt under 1000 innbyggarar.

I Balestrand finn du i tillegg til Kviknes Hotel også blant anna Norsk Reiselivsmuseum, Sognefjord Akvarium og Balholm AS. Om sommaren kan du ta båt direkte frå Balestrand inn Fjærlandsfjorden og til Flåm, der du blant anna finn Flåmsbana.

Balejazz vert kvart år arrangert i Balestrand. Festivalen varer éi helg i mai månad, og vart arrangert for første gong i 1990.

I Disney-filmen Frost (2013) kan du kjenne igjen element frå Balestrand and andre stadar i Noreg. Spesielt arkitekturen på bygningane i filmen er inspirert av bygningar i Balestrand.

Bli kjent i Balestrand