La reisa bli ein del av opplevinga

 

Balestrand og Kviknes Hotel er eit fantastisk utgangspunkt for opplevingar i Sognefjord-området. Det er kanskje lettare å komme seg til Balestrand enn du trur? Sjå nokre eksempel og forslag til køyreruter under. Skal du for eksempel køyre Bergen – Balestrand kan du oppleve Fjordnoreg på sitt vakraste.

Kviknes Hotel er eit miljøsertifisert hotell, og anbefalar difor alle sine gjester å reise kollektivt!

Reise med buss

Det er fleire bussruter som går innom Balestrand. Ein kan søke etter ruter på Kringom her!

Reise med hurtigbåt frå Bergen

Vi vågar påstanden at det ikkje finst mange trivelegare båtreiser enn Bergen – Balestrand med hurtigbåt. Rutetider og booking: 
Større gruppe? Ta kontakt med Fjord Tours.

Reise med bil

Bergen – Balestrand: 200 km – ca. 4 timar.
På sommarstid er ruta via Voss og Vikafjellet på sitt aller vakraste. Er Vikafjellet stengd kjem du lettast til Balestrand via Knarvik og ferjesambandet Lavik-Oppedal.

Førde – Balestrand: 100 km – ca. 1 t. 40 min.
På sommaren kan du køyre via Gaularfjellet og oppleve ein av landets finaste fjellovergangar. På vinteren køyrer du via Høyanger.
 
Ålesund – Balestrand: 320 km – ca 5 t. 30 min.

Oslo – Balestrand:  380 km – 6 t. 30 min.
Over Hemsedalsfjellet. Via ferja Fodnes-Mannheller og gjennom Sogndal, så tek du ferje Hella-Dragsvik.

Sogndal – Balestrand: 50 km – ca. 1 t
Inkl. ferje Hella-Dragsvik

Reise med fly

Widerøe har fleire daglege avgangar frå Førde lufthamn. Frå Førde lufthamn Bringeland er det 96 km til Balestrand. Du kan alternativt lande på Sogndal lufthamn, men då er du avhengig av ferje Hella-Dragsvik.
www.wideroe.no

La Fjord Tours organisere arrangementet ditt

Fjord Tours skreddarsyr ditt arrangement ned til minste detalj for å sikre god gjennomføring.
Gode hotell og møtefasilitetar er ein viktig del av opplevinga. Fjord Tours organiserer både transport, overnatting, mat aktivitetar, guide, kurs- og konferansefasilitetar, alt etter kundens ynskje.

Enten kunden ynskjer teambuilding, kick-off ved sesongstart, leiarsamling, kurs & konferanse, blåtur eller julebord med aktivitetar, skreddarsyr Fjord Tours dette for deg.
Fjord Tours tilbyr eit breitt utvalg av aktivitetar og unike naturopplevingar som verkeleg set ein spiss på opphaldet.
Du har draumane og ynskjene - Fjord Tours har løysinga.
Ta kontakt i dag.