Eit sanseleg opphald

 

Opphald inntil 2 dagar, inkludert 4 retters middag og/eller buffet. Maks 2 netter.

Maten er ein viktig del av opphaldet, og ved Kviknes blir det lagt vekt på sanselege opplevingar som skal gje gode minne for livet. Kjøkenet er internasjonalt, både når det gjeld tilsette og matrettane.

Så langt det er mogeleg blir det brukt lokale råvarer - og fjorden er eit ypparleg matkammer! Hotelldirektør og hovmeister supplerer med vin frå den rikhaldige kjellaren.

Finn beste pris på vår online booking:

Prisen inkluderer vårt rikhaldige koldtbord med varme og kalde rettar ein kveld, og kjøkkensjefen sin anbefalte 4-rettars meny ein kveld, samt frukostbuffet begge dagar.
Dette tilbodet er kun tilgjengeleg ved reservasjon over vår online booking.

Ved eit døgns opphald kan ein velje mellom buffet og 4-rettar.

Dersom ein ikkje får opp ledige rom på online systemet ber me dykk ta direkte kontakt med hotellet på booking@kviknes.no.

Overnatting i Balestrand

Kviknes Hotel ligg rett ved kaien i Balestrand, idyllisk ved Sognefjorden. Kjem ein med ekspressbåten frå Bergen eller Flåm, er det berre 20 meter til hotellet. Vi møter deg på kaien og tar bagasjen din. Opplev breane i Fjærland, Flåmsbana, Nærøyfjorden og fleire landskjente attraksjonar på dagstur frå Balestrand.