
Velkommen til Balholm Bar i sommar
Frå 1. april til 31. oktober held Balholm Bar ope kvar dag frå kl. 12:00 til 23:00 – med matservering frå kl. 13:00 til 21:00. Ta deg ein velfortent pause i vakre omgjevnadar – enten du bur på hotellet eller er på gjennomreise i Balestrand.
Menyen vår byr på smakfulle rettar laga med lokale råvarer – frå saftige burgerar og smørbrød til dagens suppe og friske salatar. Velkomen innom for ein matbit og eit pusterom ved fjorden!
Kviknes Hotel er kåra til
Best Historic Resort Worldwide
Prisen er ei anerkjenning til dei finaste historiske hotella i verda og deira innsats innan bærekraft, markedsføring, historie og lokasjon.
Me takkar alle samarbeidspartnerar og gjester som har vore med på å nå denne milepælen i vår familie si lange historie.
Aktuelt
Start eventyret på Kviknes Hotel
Oppdag sommarperla Balestrand i sommar. Her ventar fjellturar, fjordliv, rik kulturhistorie – og eit hotell som gjer alt for at du skal trivast.
Med Kviknes Hotel som base ligg heile Sogn ope for utforsking. Mektige brearmar, stavkyrkjer og idylliske fjordbygder er berre ein køyretur unda.