Bærekraft på Kviknes Hotel

Bærekraft betyr for oss å forvalte ressursane mest mogleg lokalt, både når det gjeld våre menneskelege ressursar og verdiar, økonomi og våre ytre miljøaspekt. Vi er ein destinasjon som medfører ein del reise til og frå hotellet.

Fokuset vårt er derfor å leggje til rette for at desse reisene og opphaldet hjå oss gjer dette forsvarleg.

Om vi samtidig stiller krav til våre samarbeidspartnarar og leverandørar om det same engasjementet, bidreg vi til eit minst mogleg fotavtrykk.

Vår miljøpolicy

Gjennom å sikra dei tilsette gode, trygge og oppgåver som gjev personleg utvikling, skal Kviknes Hotel skape eit arbeidsmiljø som stimulerer til å være kreativ, konstruktiv og kritisk. Arbeidsmiljøet skal fremje arbeidsevne, læring, helse og trivsel, og verne mot arbeidsrelatert sjukdom og arbeidsulykker.

Å vere bevisst på miljøet skal prege alle deler av vår verksemd og vi skal kontinuerleg arbeide for å redusere belastinga på det ytre miljø gjennom miljøvennleg drift.

Kviknes Hotel sin miljøpolitikk:

  • Vi skal være ei rein bedrift, med omsyn til det interne så vel som det eksterne miljø.

  • Handtering av avfall og førebygging av forurensing skal først og fremst løysast ved hjelp av resirkulering og omlegging.

  • Vi stiller krav til våre tilsette for å fremje miljøbevisstheit.

  • Vi skal tilfredsstille miljøkrav gjeve av myndigheitene.

  • Vi ønskjer å være ei bærekraftig verksemd som tek vare på det lokale, gjennom å vidareføre tradisjon, lokal produksjon og nærvær.

Vi er Miljøfyrtårnsertifisert

Miljøfyrtårn er eit anerkjend og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing som hjelper verksemder til å lykkast med grøn omstilling. Ved å være eit Miljøfyrtårn bidreg vi aktivt til ei bærekraftig framtid, og til den naudsynte grøne omstillinga. Vi rapporterer årleg på våre miljøprestasjonar innan områda arbeidsmiljø, handtering av avfall, energibruk, innkjøp og transport. Vi synliggjer vår utvikling, set mål om forbetring og iverkset tiltak! Som eit ledd i Kviknes Hotel sitt arbeid med bærekraft er FN sitt mål om bærekraft retningsgivande for vårt arbeid.

Gjennom Miljøfyrtårnarbeidet jobbar vi aktivt med fleire av måla:

Les meir om hotellet sine miljøprestasjonar i miljørapporten for 2022 https://rapportering.miljofyrtarn.no/stats/153144

Vi er ein del av De Historiske Hotell og Spisesteder. Les mer om De historiske sitt engasjement for bærekraft her: https://www.dehistoriske.no/barekraft