Kviknes Hotel - Gjestfridom i fire generasjonar

På Kviknes Hotel strekkjer gjestgjevar-tradisjonane seg tilbake til 1752. Familien Kvikne som i dag eig hotellet, overtok i 1877. Hotellet vart reist i sveitserstil, og har behalde sitt særpreg sjølv etter fleire ombyggingar og utvidingar. Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 190 rom eitt av dei mest tradisjonsrike hotella i Noreg. Hotellet har samla ei mengde kunstverk og klenodium som pregar hotellet og gjev det sin spesielle stil.

Om Kviknes Hotel

Hotellet ligg idyllisk til ved Sognefjorden i nasjonalromantiske omgjevnadar. Lista over prominente gjester ved Kviknes Hotell er svært lang. Keisar Wilhelm II av Tyskland var ofte gjest i Balestrand. I tillegg er kongelege, keisarar, presidentar, statsministrar, filmstjerner og kunstnarar frå mange land å finne på gjestelista.

Historie

På Kviknes Hotel strekkjer gjestgjevar-tradisjonane seg tilbake til 1752. Ole Kvigne overtok hotellet i 1877 saman med kona Kari og broren Knut. Frå då av starta ei rivande utvikling som har halde fram heilt til i dag. Heile tida har familien Kvikne vore vertskap på hotellet ved Sognefjorden.

Balestrand

Kviknes Hotel ligg i sentrum av Balestrand, ei vakker og frodig vestlandsbygd midt i verdas vakraste eventyr! Her strekkjer tre fjordarmar seg vidare inn i landet, med små grender som perler mellom fjord og fjell. Med si sentrale plassering ved Sognefjorden har Balestrand heilt sidan slutten av 1800-talet teke godt i mot gjester frå inn- og utland.

Aktuelt

Siste nytt frå Kviknes Hotel.

Kontakt oss

Kviknes Hotel
Kviknevegen 8
N-6899 Balestrand

Telefon: +47 57 69 42 00
E-post: booking@kviknes.no

Vegen hit

Balestrand og Kviknes Hotel er eit fantastisk utgangspunkt for opplevingar i Sognefjord-området. Det er kanskje lettare å komme seg til Balestrand enn du trur? Sjå nokre eksempel og forslag til køyreruter under. Skal du for eksempel køyre Bergen – Balestrand kan du oppleve Fjordnoreg på sitt vakraste.

Bærekraft

Bærekraft betyr for oss å forvalte ressursane mest mogleg lokalt, både når det gjeld våre menneskelege ressursar og verdiar, økonomi og våre ytre miljøaspekt. Vi er ein destinasjon som medfører ein del reise til og frå hotellet.