Familiejulebord og julesong på Kviknes

 
 
 

Kom i julestemning med familien

I samband med Julesong sin konsert på Kviknes 3. desember inviterer vi til julebord for heile familien. 

Ta med små og store og nyt tradisjonell julemat, servert av våre dyktige kokkar i stemningsfulle omgjevnader.

Tidspunkt: 14:00 -17:00

Prisar: vaksne kr. 695, born 6-14 år kr. 300 (born under 6 år et gratis)

 
 
 
 

Julekonsert med Einar Bolstad, Kari Malmanger og Gunn Kvaale

 
 

Ei musikalsk oppleving som garantert sikrar julestemninga.

Tidspunkt: 17:00

Stad: Kviknesalen Kviknes Hotel

Dei åtte siste åra har Julesong hatt fulle hus på konsertar rundt om i Sogn og fjordane.

I år er songarane i Julesong tilbake saman med erfarne musikarar som Inge Ronny Kvåle på strengeinstrument, Bjørn Tore Årøy på tangentar, Gjest Kvåle på gitar, John Børge Askeland på bass, og Trond Øyre med lyd- og lysdesign.

Konsertane som garanterer julestemning og gåsehud er sett saman av songar som høver til advents- og førjulstida.

Kremlaget som dannar “Julesong 2023” vil dei fleste kjenna att frå konsertane i åra før, og frå tidlegare julekonsertar og andre framsyningar i Sogn og fjordane dei siste åra. Og ikkje minst TV-programmet “NRK Julelutt” som vart vist på NRK1 på julafta 2014.

Einar, kjend frå m.a. Folk Flest, syng mange av dei største jule-klassikarane, medan Gunn Marit syng nokre av dei mest kjende nye julesongane, og sin eigen julesong “Heim til deg” - som vart spelt mykje på NRK P1 nasjonalt i førjulstida/jula i fjor! Kari vil mellom anna bidra med tradisjonsstoff frå folkemusikk og salmar. Saman framfører dei og duettar og andre songar, som gir lys og varme i den mørke desembertida

Set av kvelden slik at du kjem i julestemning i år du òg!

 



Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Opplev musikken til Dylan, Taylor og Springsteen på Kviknes

Neste
Neste

Opplev Balestrand og Sognefjorden i haust