Kviknes Hotel er finalist i “Historic Hotels Worldwide Awards of Excellence 2023”

Kviknes Hotel er stolte og glade over å bli nominert i kategorien “Best Historic Hotels Worldwide Hotel in Europe.”

Stor takk til våre gjester og ikkje minst stor og hjarteleg takk til våre sjarmerande, arbeidsame og flinke medarbeidarar, seier Kari Kvikne.

-Ei utruleg bragd

Prisutdelinga anerkjenner og feirar verdas finaste hotell og deira eigarar i kategoriar som berekraft, marknadsføring, historie og lokasjon. Også Visnes Hotel Stryn, Lysebu og Fru Haugans Hotel er mellom De Historiske Hotel og Spisesteder sine nominerte medlemar.

- Med over 350 innsendte nominasjonar verda over er det ei utruleg bragd av desse fire norske, historiske hotella som kvar og ein skil seg ut på sin unike måte, uttalar De Historiske Hotel og Spisesteder.

Her kan du lese meir om nominasjonen og dei nominerte.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Opplev Balestrand og Sognefjorden i haust

Neste
Neste

Sauna på Balestrand Hotell