Keipen skal bli ein av turvinnarane langs Sognefjorden

Det kjem mange sveitteperler før du er heilt på toppen av dei 1417 moh – men jammen får du betalt for strevet.

Det er ikkje utan grunn at Keipen har blitt kalla «Sognefjorden sitt svar på Prekestolen» – du ser rett ned i Sognefjorden om du tør stikke nasen din utfor kanten. Utsikta er ubeskriveleg vakker, og så spektakulær at du må halde deg fast om du blir svimmel av store høgder.

Det er ein nydeleg fottur, ruta som går frå Esebotn heilt nede ved fjorden til Keipen på 1417 meter over havet. Dette er ein tur der du må stålsetje deg på å forbrenne nokre kaloriar, med det er òg ein tur som er verd alle kreftene det tek å komme seg opp.

Turen startat frå Esebotn heilt nede ved fjorden.

Turen startat frå Esebotn heilt nede ved fjorden.

Utsikt frå Gulleplet som ein passerer på veg opp. FOTO: Keipenstiens dugnadsgjeng

Utsikt frå Gulleplet som ein passerer på veg opp. FOTO: Keipenstiens dugnadsgjeng

250 dugnadstimar på opprusting

Nå er stien i ferd med å bli rusta opp, for å gjere den flotte utsikta over Sognefjorden meir tilgjengeleg for alle. Arbeidet blei starta i fjor. Ein dugnadsgjeng nytta rundt 250 timar på å fikse stien, administrere søknader om pengestøtte og få på plass eit betalt sherpa-team.

– Vi ønskjer å gjere stien meir folkeleg. Nå har vi starta på ein ny trasé på vestsida av Gulleple, for å lage denne delen av stien litt mindre eksponert. Her blir det òg mindre myrete og betre å gå, fortel Einar Inge Målsnes, som har vore prosjektleder for opprustinga.

Fire sherpaer frå Nepal har rusta opp stien. FOTO: Keipenstiens dugnadsgjeng

Fire sherpaer frå Nepal har rusta opp stien. FOTO: Keipenstiens dugnadsgjeng

Sherpaene vart flydd opp med helikopter kvar dag i 2,5 veker. FOTO: Keipenstiens dugnadsgjeng

Sherpaene vart flydd opp med helikopter kvar dag i 2,5 veker. FOTO: Keipenstiens dugnadsgjeng

Sherpa-hjelp frå Nepal

Målsnes er ein av dei verkeleg engasjerte sjelene, som saman med dugnadsgjengen klarte å samle inn midlar frå mellom anna Visit Sognefjord, Balestrand kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dette gav dei moglegheita til å kjøpe inn byggehjelp frå 4 sherpaer frå Nepal.

– Dei er gode på bratt terreng og jobbar som nokre heltar. Vi fekk flydd dei opp med helikopter kvar dag i 2,5 veker slik at dei kunne bruke alle krefter på å byggje sti. Det har gjort underverker, fortel Jørgen Hundseth, ein sentral mann i dugnadsgjengen.

Nå håper dei å fortsette i år, for å gjere ferdig trappene gjennom ura under Gulleplet. Stien vidare opp er det vi dei ”lokale sherpaene” som må jobbe med.

– Vi er avhengig av fleire midlar, noko vi håper å få innvilga snart. Då er vi klar til å setje i gong igjen for denne sommaren. I tillegg er det søkt om midlar til å tilbakeføre steintrappene i Yglebotn slik dei var i 1885, fortel Johannes Sjøtun, næringssjef i Balestrand og ansvarleg for økonomien i prosjektet.

– Om ein klarar same framdrifta i år som i 2016, vil stien til Keipen få eit stort løft og bli ein populær tur til eit unikt utsiktspunkt over Sognefjorden, legg han til.

Fire mann jobba i to år for å opparbeide denne buføringsvegen til Langedalen i Høyanger. Vegen var ferdig i 1885. FOTO: Keipenstiens dugnadsgjeng

Fire mann jobba i to år for å opparbeide denne buføringsvegen til Langedalen i Høyanger. Vegen var ferdig i 1885. FOTO: Keipenstiens dugnadsgjeng

Året 1885 er hogd inn i ein stor stein cirka halvvegs opp mot Gulleplestølen. FOTO: Keipenstiens dugnadsgjeng

Året 1885 er hogd inn i ein stor stein cirka halvvegs opp mot Gulleplestølen. FOTO: Keipenstiens dugnadsgjeng

Mykje historie langs stien

Dette er ein del av turstien til Keipen der eit samarbeid mellom Balestrand og Høyanger turlag, Balestrand kommune og Visit Sognefjord samarbeider om å rusta opp stien og kulturhistoria langs stien.

På veg inn frå parkeringa i Esebotn kan ein sjå rester av dei gamle steinmurane frå Anders Gjerde dyrka opp sine 30 mål på 1930-talet, saman med ein støypt silo. Dette er einaste restane etter stølen til Gjerde som sto der, men vart teken av Geitaskreda vinteren 1940.

På andre sida av elva startar stien opp Yglebotn. Ein følger her steinlagt sti som vart opparbeida av gardane på Gjerde og Grøneng på 1880-talet. Dei to gardane hadde to mann kvar i to år for å opparbeide buføringsveg til Langedalen i Høyanger. Vegen var ferdig i 1885, og året 1885 er hogd inn i ein stor stein ved stien cirka halvvegs opp til der ein tek av mot Gulleplestølen.

– Det er eit imponerande arbeid med steinlegging og trapper dei har gjort. Nå trengs det sårt å renoverast for å bli teken vare på, påpeiker Sjøtun.

Bli med på guida tur (OBS! Krevjande)

På Kviknes Hotel har vi guida turar til Keipen i samarbeid med Norgesguidene. Her er det maksimalt 8 gjestar per fjellførar for å gje deg god tryggleik og oppfølging. Dette er ein krevjande tur som til tider er eksponert, så vi anbefaler alle våre gjester å gå med guide.

Turen er opp mot 14 km lang, med en høgdeforskjell på nesten 1500 meter (varierer litt etter ruteval). Dette er ein lang tur på rundt 7-9 timar - men naturopplevinga er heilt unike. Med guide får du òg vite meir om historia i den vakre dalen.

Les meir om guida tur til Keipen.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Makrellstørja har gitt smaksopplevingar over all forventning

Neste
Neste

Tør ikkje ta «Sognefjord-sandwich» av menyen