Kurs eller konferanse med ein annleis reiseveg?

Sognefjorden er ei nydeleg båtreise full av kontrastar. Foto: Norled

Sognefjorden er ei nydeleg båtreise full av kontrastar. Foto: Norled

Ta båten til Sogn. Nyt Sognefjorden undervegs og bu på historiske Kviknes Hotel i Balestrand.

– Sognefjorden er ei nydeleg båtreise full av kontrastar. Det meste av landskapet er uforandra sidan vikingane heiste seil her, og store deler av året vil du sjå kvite fjelltoppar i horisonten. Stoppa undervegs gir deg ein smakebit av koselege bygdesamfunn, fortel Bjørn Egil Søndenå, regionssjef for hurtigbåtar i Norled.

Turen frå Bergen til Sogn tek i underkant av fire timar. Ombord på båten kan du enten jobbe, slappe av, eller sosialisere deg. Kvifor ikkje legge neste bedriftssamling til Balestrand? Med hurtigbåten vil du oppleve ein annleis reiseveg.

Statue av Kong Olav V

Når du passerar Skjerjehamn ytst i Sognefjorden, kan du sjå den mykje omtala statuen av Kong Olav V, som vart avduka i 2007. I det du kryssar Sognefjorden vil du sjå rett mot Lihesten, eit karakteristisk fjell som skil seg tydeleg ut. På vegen innover vil du passere Brekke på sørsida av fjorden, ein liten plass der det regnar meir enn i Bergen!

Når du nærmar deg Balestrand, vil du sjå det fjellet som er måla av flest kunstnarar i Noreg, nemleg Vindreken. I forgrunnen har du Kviknes Hotel, eit familiehotell som er ein del av De Historiske Hotel.

Her kan du høyre historier som vil få deg til å måpe. Berre spør Sigurd Kvikne!

Framme til lunsj

Reiser de frå Bergen med morgonbåten kl 8, er de framme til lunsj. Då kan ein få ei god arbeidsøkt etter lunsj, før ein nyt moglegheitene her på kvelden, med mat, drikke og historiar. Neste dag kan de jobba fram til middagstid, før båten går mot Bergen.

Vi har møterom og konferansesalar som kan romme opp til 450 personar.

Her ser du ruta hurtigbåten mellom Bergen Sogn køyrar, med markør i Balestrand. Kart: Norled.

Her ser du ruta hurtigbåten mellom Bergen Sogn køyrar, med markør i Balestrand. Kart: Norled.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ta kollegaene dine med på teambuilding i Balestrand

Neste
Neste

Makrellstørja har gitt smaksopplevingar over all forventning