Restaurant

I over hundre år har me invitert gjester til bords ved fjorden. I dag som då er det råvarene, handverket og gjestegleda som formar kvar rett.

Frukost vert servert i den lyse og luftige spisesalen frå kl. 06.45 til 10.00, med eit rikt utval av ferske, lokale råvarer som gir ein god start på dagen. Når kvelden kjem, byr me på ein smakfull middagsbuffé frå kl. 19.00 til 21.00, der variasjon og sesongens beste råvarer står i fokus.

Frå 1. april til 31. oktober kan du òg stikke innom Balholm Bar, ope kvar dag frå kl. 12.00 til 23.00 med matservering frå kl. 13.00 til 21.00. Her kan du lene deg attende og nyte fjordlandskapet, enten du er gjest eller berre på gjennomreise, medan du vel frå ein meny med alt frå saftige burgerar og smørbrød til dagens suppe og friske salatar.

Me hentar det beste frå nærområdet, slik at smaken er fersk og fotavtrykket lite.