Kurs og konferanse i historiske omgjevnader

Hos oss på Kviknes Hotel får du ei kurs- og konferanseoppleving som er litt annleis. Moderne fasilitetar kombinert med vår familiehistorie tilbake til 1877, gjer det spennande å vere her. Du kan vandre rundt og gje sansane nye inntrykk. Kokken vår førebur mat av ypparste klasse, og med ein direktør med nase for god vin, har me ein rikhaldig vinkjellar til glede for våre gjester.

Moderne fasilitetar

Me har eigne møterom og konferanselokale med det du treng av teknisk utstyr.

Du får sjølvsagt tilgang på trådlaust internett, og me kan ordne med kaffimat, lunsj og anna du eventuelt treng medan du jobbar.

Våre konferansepakkar

I tillegg til å skreddarsy samlingar på bestilling, har me satt saman ferdige konferansepakkar.

Vel mellom dagpakke, lunsj-til-lunsj, konferansepakke standard eller konferansepakke oppgradert.

Kursaktivitetar

Ynskjer du å kombinere opphaldet hjå oss med aktivitetar? Då er du komen til rett stad. Rett utanfor døra kan me tilby ei rekkje aktivitetar der me nyttar fjorden og fjella som arena. Velkomen til ei aktivitetsrik oppleving!

Julebord

Ta dei tilsette med på julebord? Kvifor ikkje velje eit hotell som gir julebordet ein eigen dimensjon.

Vi har lang historie også med å arrangere julebord, og feststemninga kan vi garantere.

Bedriftssamling og event

Skal de feire eit jubileum, halde konferanse eller dra på sosial tur med firmaet?

På Kviknes Hotel får de ei oppleving som er litt annleis.

Bestill kurs eller konferanse

Fyll inn skjemaet under, så tek me kontakt med deg. Ønskjer du heller å ringe, ta kontakt på 57 69 42 00.