Private selskap og feiringar
Legg samlinga di til Kviknes Hotel.
Ei personleg samling i historiske omgjevnadar
Skal du feire jubileum, årsdag eller ein milepæl som dåp, konfirmasjon eller bryllaup? Kvart år husar me mange private selskap på Kviknes.
Me har ope for private samlingar gjennom heile året, og legg til rette for at du skal få ei heilt unik oppleving.
Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 190 rom eitt av dei mest tradisjonsrike hotella i Noreg. Hotellet har samla ei mengde kunstverk og klenodium som pregar hotellet og gjev det sin spesielle stil.
Kokken vår førebur mat av ypparste klasse, og med ein direktør med nase for god vin, har me ein rikhaldig vinkjellar til glede for våre gjester.
Her er det berre fantasien som set grenser. Ta gjerne kontakt.
Historisk idyll ved Sognefjorden
Kviknes Hotel ligg idyllisk til ved Sognefjorden, i hjartet av Balestrand. Hotellet si historie går heilt tilbake til 1752 og me er i dag eit av dei mest særmerkte hotella på Vestlandet.
Herleg mat og drikke
Gjennom generasjonar har Kviknes Hotel utvikla ein matkultur der råvarene får stå i sentrum.
Velkomen til bords, der kvar rett ber med seg historia frå landskapet rundt oss.
Komfortabel overnatting med historisk sus
Treng du overnatting til gjestane, tilbyr Kviknes Hotel totalt 190 hotellrom fordelt på det historiske bygget frå slutten av 1800-talet og det moderne bygget frå 1960-talet.
Her vaknar gjestene til flott vestlandsnatur og kan nyte herleg frukost i restauranten.
Sosialt og aktivt i Balestrand
Rett utanfor døra kan me tilby ei rekkje aktivitetar der me nyttar fjorden og fjella som arena. Velkomen til ei aktivitetsrik oppleving!
Bryllaup på Kviknes Hotel
Det er noko heilt spesielt med bryllaupsfeiringar på Kviknes Hotel.
Med utsikt over Sognefjorden og historiske omgjevnader ligg alt til rette for ein minnerik dag. Her kan de samle familie og vener til ei høgtideleg og stemningsfull feiring.
Me legg til rette for din anledning
På Kviknes har me flotte lokal og gode fasilitetar for markeringar som:
Konfirmasjon
Dåp og namnefest
Årsdag
Jubileum
Slektstreff
Ta kontakt med oss, så legg me til rette!
Kontaktskjema - privat selskap
Fyll inn skjemaet under, så tek me kontakt med deg. Ønskjer du heller å ringe, ta kontakt på 57 69 42 00.