Bryllaup på Kviknes Hotel

Ei minnerik feiring i historiske omgjevnadar.

Legg feiringa til vakre Balestrand

Kvart år husar me fleire private bryllaup på Kviknes Hotel.

Me har ope for private samlingar gjennom heile året, og legg til rette for at du skal få ein minnerik dag saman med familie og vener.

Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 190 rom eitt av dei mest tradisjonsrike hotella i Noreg. Hotellet har samla ei mengde kunstverk og klenodium som pregar hotellet og gjev det sin spesielle stil.

Kokken vår førebur mat av ypparste klasse, og med ein direktør med nase for god vin, har me ein rikhaldig vinkjellar til glede for våre gjester.

Her er det berre fantasien som set grenser. Ta gjerne kontakt om ditt bryllaup.

Historisk idyll ved Sognefjorden

Kviknes Hotel ligg idyllisk til ved Sognefjorden, i hjartet av Balestrand. Hotellet si historie går heilt tilbake til 1752 og me er i dag eit av dei mest særmerkte hotella på Vestlandet.

Herleg mat og drikke

Gjennom generasjonar har Kviknes Hotel utvikla ein matkultur der råvarene får stå i sentrum.

Velkomen til bords, der kvar rett ber med seg historia frå landskapet rundt oss.

Komfortabel overnatting med historisk sus

Treng du overnatting til gjestane, tilbyr Kviknes Hotel totalt 190 hotellrom fordelt på det historiske bygget frå slutten av 1800-talet og det moderne bygget frå 1960-talet.

Her vaknar gjestene til flott vestlandsnatur og kan nyte herleg frukost i restauranten.

Til inspirasjon: Sjå klipp frå eit bryllaup på Kviknes

Me har hatt fleire gode samarbeid med bryllaupsplanleggar Amanda Strand. I videoen kan du sjå korleis det kan sjå ut med bryllaup i Balestrand og på Kviknes Hotel ein vakkar sommardag.

Kontaktskjema - bryllaup

Fyll inn skjemaet under, så tek me kontakt med deg. Ønskjer du heller å ringe, ta kontakt på 57 69 42 00.