Julebord på Kviknes Hotel
Legg samlinga til vakre Balestrand.
Arrangere årets julebord?
Kvifor ikkje velje eit hotell som gir julebordet ein eigen dimensjon.
Kviknes Hotel er med si unike historie eit av dei mest særprega hotella i landet. Vi har lang historie også med å arrangere julebord, og feststemninga kan vi garantere.
La julebordet bli ei annleis oppleving!
Mat og vin
På Kviknes står kulinariske mat- og vinopplevingar i fokus heile året. Under julebordssesongen er det høgtid for kokkane, og pinnekjøtet og ribba blir laga med den største omtanke.
Vår vinkjellar er den største og mest innhaldsrike i fylket, og vi plukkar ut vinar som passar til julemat i alle prisklassar.
Etter eit godt måltid med julemat avsluttar ein gjerne kvelden med levande musikk. Me garanterer god stemning.
Bestill julebord
Fyll inn skjemaet under, så tek me kontakt med deg. Ønskjer du heller å ringe, ta kontakt på 57 69 42 00.