Møte, kurs eller konferanse i historiske omgjevnader

Hos oss på Kviknes Hotel får du ei kurs- og konferanseoppleving som er litt annleis. Moderne fasilitetar kombinert med vår familiehistorie tilbake til 1877, gjer det spennande å vere her. Du kan vandre rundt å gi sansane nye inntrykk - og er du heldig får du ei røvarhistorie i baren. Kokken vår førebur mat av ypparste klasse, og med ein direktør med nase for god vin, har me ein rikhaldig vinkjellar til glede for våre gjester.

Majestetisk natur like i nærleiken og eit stort utval kursaktivitetar, gjer det enkelt å ha ein god og kreativ samling hos oss. Ta med di bedrift til Balestrand, så ordnar vi resten.