Eit stykke juletradisjon – sylteflesk frå Kviknes
Alfred har starta årets syltefleskproduksjon, og no kan du sikre deg ein smak av førjulstida frå Kviknes sitt eige kjøkken.
Bestilling og henting
Sylteflesket vert selt i pakkar på 0,5 kg, til pris kr. 360,- pr. kg.
Bestill innan 21. november på telefon 57 69 42 00 eller e-post booking@kviknes.no.
Henting skjer i resepsjonen på Kviknes Hotel frå 1. desember til 17. desember, måndag til fredag kl. 09.00 – 15.00.
Smak av tradisjon
På Kviknes Hotel har gjestgjevartradisjonane stått sterkt sidan 1752, og familien Kvikne har sidan 1877 vidareført både matglede og handverk på kjøkkenet. Sylteflesket er laga med same omsorg og respekt for tradisjon som har prega huset i generasjonar – ekte, heimelaga og klart for julebordet.