Kjartan Lauritzen på heimebane med to konsertar på Kviknes Hotel

Foto: Rainer Kleive

Som del av Post Nut Clarity Tour kjem Kjartan Lauritzen og gjengen endeleg til Kviknes Hotel.

Fredag 12. og laurdag 13. desember blir Kviknessalen fylt med musikk, energi og mykje kjærleik når Kjartan og bandet inviterer til to konsertkveldar på heimebane.

Ungdomskonsert fredag

Fredagen startar med ein eigen ungdomskonsert i samarbeid med Balestrand Ungdomsklubb og Ungdomsavdelinga. Konserten er for ungdom frå 13 til 19 år, og det blir sett opp gratis busstransport frå Kaupanger, Sogndal og Leikanger, samt retur til Fjærland. Det blir enkel kiosk på hotellet, og høve til å kjøpe seg noko å ete både før og etter konserten.

Konsert for alle laurdag

Laurdag er det klart for konsert for alle som vil vere med på feiringa.

Me på Kviknes Hotel gler oss stort til å ta imot Kjartan og publikum til to kveldar med musikk og gode opplevingar i Kviknessalen.

Det er framleis ledige billettar, og me har sjølvsagt rom til deg.

Bestill overnatting
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Eit stykke juletradisjon – sylteflesk frå Kviknes

Neste
Neste

Opplev verdas beste unge gitaristar på Kviknes