Bookinga er open: sikre deg rom til Balejazz 2026

Når me no går inn i vintertida, er det lett å mimre attende til gode festivalminne – lune vårdagar i Balestrand, musikk som fyller bygda og ei stemning som samlar både fastbuande og tilreisande.

No kan du allereie begynne å sjå fram til nye opplevingar: Balejazz 2026 går av stabelen 8.–9. mai, og bookinga for rom på Kviknes Hotel er open.

Bu midt i festivalen

Balejazz er ein vakker og folkeleg jazzfestival som år etter år samlar dyktige musikarar ved Sognefjorden. Her møtest fjell, fjord og musikk i ei ramme som er like unik som ho er stemningsfull.

På Kviknes Hotel bur du midt i festivallivet – med dei historiske salongane, kunsten og utsikta som ein lun kontrast til dei livlege konsertkveldane.

Sikre deg rom i tide

Festivalprogram og billettar vert lansert i mars, men romma vert ofte fullbooka tidleg. Difor kan det vere lurt å sikre seg eit opphald alt no, slik at du har noko godt å gle seg til når våren igjen gjer sin anmarsj.

Velkomen til ei helg fylt med musikk, fjord og gode opplevingar – me gler oss til å ta imot dykk!

Bestill overnatting
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Eit stykke juletradisjon – sikre deg årets sylteflesk

Neste
Neste

Kjartan Lauritzen på heimebane med to konsertar på Kviknes Hotel