Velkomen til ny sesong på Kviknes Hotel

Hotellet opnar dørene for sesongen 1. april 2026.

Sidan 1877 har me ønskt sommargjester frå alle verdshjørne velkomne. Me gler oss på nytt til å ønskje velkommen gjester frå fjern og nær.

Velkommen til Balestrand og Kviknes Hotel!

På Kviknes Hotel har me tradisjon for gode matopplevingar. Så langt det er mogleg brukar me lokale råvarer, Sognefjorden er eit ypparleg matkammer. Me har óg ein rikhaldig vinkjellar der me finn vinen som passar til kveldens meny.

Me håper du kan finne roen nokre dagar hjå oss og gjerne oppleve vår unike samling med kunst. Utandørs har også Balestrand mykje å by på. Spesielt er fjellvandring i Balestrand-fjella blitt svært populært. Her er det flotte furar for alle og me gir deg gjerne gode tips!

Fleire kjekke tips til å nye Balestrand og Sognefjorden finn du i vår aktivitetsguide.

Sjølv om hotellet opnar først 1. april, kan du allereie no reservere rom på ønska dato. Berre klikk deg inn på booking og finn fram i kalenderen, så er du i gang.

Me gler oss til å sjå deg i Balestrand!

Finn pris og book rom
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Legg påskeferien til Kviknes Hotel

Neste
Neste

Bookinga er open: sikre deg rom til Balejazz 2026