Legg påskeferien til Kviknes Hotel

Når våren kjem til Balestrand, vaknar fjorden og fjella til liv.

På Kviknes Hotel kan du oppleve våren på sitt aller beste.

Storslått utsikt, smakfull mat og ei ro som gjer godt for både kropp og sjel.

Prisar og booking

Sjå det for deg: Dagane blir lysare, lufta mildare, og landskapet skiftar fargar. Fjorden og fjella vaknar til liv. Kviknes Hotel og Balestrand er eit fantastisk utgangspunkt for å oppleve denne spesielle tida på sitt aller beste. Storslått utsikt, smakfull mat og ei ro som gjer godt for både kropp og sjel.


Frå hotellet har du kort veg til vakre skogsstiar, der du raskt kjem opp i høgda og kan nyte panoramautsikt over fjorden. Det er noko heilt eige med våren her, meiner no me. Lyset, lufta og den stille vakre naturen gjer det lett å finne roen.

Kunstutstilling og vinkjellar

Spelar ikkje været på lag, kan du nyte innendørs aktivitetar på Kviknes.

Opplev vår unike samling med kunst som er blitt samla gjennom fire generasjonar. Me har ein rikhaldig vinkjellar og tilbyr vinsmaking på bestilling.

Fjordeventyr med RIB-båt

For dei som ynskjer fart og spenning, går RIB-båtane på fjorden i påska. Kjenn vinden i ansiktet medan du glir gjennom fjordlandskapet, omgitt av stupbratte fjell og glitrande vatn. Det er ei oppleving som verkeleg gir påfyll av energi.

Smaken av påske på Kviknes

Ingen påske utan god mat! Kokken på Kviknes Hotel har sett saman ei smakfull påskemeny inspirert av dei beste råvarene sesongen har å by på. Nyt gode smakar i ærverdige omgjevnader og ta innover deg stemninga av påske ved Sognefjorden.

Sesongopning 1. april

1.april opnar me dørene for sesongen - me gler oss til å ønskje deg velkommen! Bestill ditt opphald no og gjer deg klar for ei påske fylt med naturskjønne opplevingar, god mat og ekte kvile.

Book ditt rom i dag
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Velkomen til ny sesong på Kviknes Hotel