Opplev verdas beste unge gitaristar på Kviknes
Det er med stor glede me kan meddele at Balestrand og Kviknes Hotel får æra av å vere vertskap for semifinalen og finalen i Tino Andersen International Guitar Festival (TAIGF) 2025 – ein av dei mest prestisjefylte gitarfestivalane i verda.
Festivalen samlar 40 av dei fremste unge gitaristane frå heile kloden, som alle har kvalifisert seg gjennom fleire krevjande rundar med internasjonal deltaking.
Ei hyllest til den klassiske gitaren
TAIGF er meir enn ein konkurranse. Festivalen feirar den klassiske gitaren sitt uttrykk gjennom konsertar, meisterklassar, familiearrangement og gratis undervisning for born. Sjølve hovuddelen av festivalen finn stad i Bergen, men finalerundane og fleire store høgdepunkt blir lagt til Balestrand og Kviknes Hotel.
Konkurranse i verdsklasse
Semifinale: fredag 10. oktober kl. 14.00
Finale: laurdag 11. oktober kl. 14.00
Begge arrangementa er opne for publikum og finn stad i våre historiske salar med praktfull utsikt over Sognefjorden. Konkurransen vert i tillegg profesjonelt streama til eit globalt publikum – arrangørane ventar over 100 000 sjåarar verda over.
Eksklusive konsertopplevingar i Balestrand
Fredag kveld 10. oktober kl. 21.00 inviterer me til ei heilt spesiell konsertoppleving med Mēla Guitar Quartet – eit «orkester i miniatyr» med fire gitarar og uendeleg mange klangfargar.
Dette prisvinnande ensemblet vann Guitar Foundation of America International Ensemble Competition i 2023, og er kjent for sitt fantasifulle repertoar og kreative arrangement. Kvartetten har spelt på scenar som Southbank Centre, Barbican, Westminster Abbey og Jimi Hendrix sitt eige soverom. Våren 2025 turnerte dei i åtte veker i USA og Canada som ein del av GFA-prisen, inkludert USA-premieren på Anthony Burgess’ Concerto Grosso for four guitars and orchestra i California.
Laurdag 11. oktober kl. 12.00 vert det òg ein gratis konsert i Engelskkyrkja, open for alle som vil oppleve gitarspel i vakre, akustiske omgjevnader.
Velkomen til musikkopplevingar i hjartet av Sogn
Kviknes Hotel er stolte av å samarbeide med TAIGF og me ser fram til å ønskje artistar, publikum og musikkelskarar velkomne til ei uforgløymeleg helg i Balestrand.
Me gler oss til å dele minnerike opplevingar med dykk!
NB! Hugs å redigere for rett dato og antal personar.