Kviknes Hotel er finalist i USA - for andre år på rad

Me er stolte over å kunne dele at Kviknes Hotel er nominert til internasjonalt anerkjende Historic Hotels Worldwide Awards of Excellence 2025.

I fjor blei me tildelt prisen for Best Historic Resort Worldwide, og i år er me finalist i kategorien Best Social Media of a Historic Hotel.

– Beskjeden om at me var nominerte også i år kom som ei gledeleg overrasking. Det er ekstra kjekt at det skjer i USA, som er ein stor og viktig marknad for oss. Framfor alt er dette ei anerkjenning av det gode lagarbeidet og den innsatsen våre tilsette legg ned kvar einaste dag, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Dette er ei anerkjenning som løftar fram korleis historiske hotell nyttar digitale kanalar til å dele historier, skape fellesskap og inspirere nye reisande.

– Her vil eg rette ein takk til Ragnhild Myklemyr og Gasta design, for det lange og gode samarbeidet om innhald til sosiale kanalar. For oss på Kviknes har det vist seg at slike langvarige samarbeid byggjer både kvalitet og kontinuitet, noko me set stor pris på.

Ei verdsomspennande kåring

Historic Hotels Worldwide heidrar kvart år dei fremste historiske hotella i verda, og over 200 nominasjonar frå 49 land vart vurderte før finalistane vart utpeika. Prisutdelinga finn stad i Seattle 30. oktober, med eigarar, direktørar og representantar frå mange av dei mest ikoniske hotella i verda til stades.

Gjestfridom i fokus

– For oss på Kviknes er det ei stor ære å verte løfta fram i desse kategoriane. Nominasjonane er ein hyllest til vårt dyktige personale, den lange familiehistoria og gjestane våre som gjer hotellet levande kvar dag. Me er stolte og takksame, og vil rette ei stor takk til De Historiske, styret og alle tilsette som med engasjement og dedikasjon gjer Kviknes til det det er i dag, avsluttar Kvikne.

Les meir om utdelinga og dei nominerte her.

 

Hotelldirektør Sigurd Kvikne, foto: De Historiske

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Opplev verdas beste unge gitaristar på Kviknes