Hildegunn & Leif-Per til Balestrand – eit humorshow utanom det vanlege

Gled deg til latter og galskap når dei folkekjære karakterane Hildegunn og Leif-Per Moltubakk entrar scena, denne gongen med fjord og fjell som kulissar.

På Kviknes Hotel kan du no kombinere ein smakfull hotelloppleving med eit unikt humorshow signert Fredrik Steen og Ørjan Liavåg.

Humorduoen er tilbake for fullt, og publikum strøymer til – heile 13.000 har sett showet så langt. Med presise replikkar, sterke karakterar og ein underliggande varme som ber alt, har showet fått strålande kritikk:

«Meget tekststerke, helt på hugget med timing, og med tydelige og svært gode karakterer.»
Sunnmørsposten, terningkast 5

«Duoen er så lekende også på dette planet at de durer innom en rekke sjangere, fra det smålune til det helt pompøse (…) Ja takk, alle deler!»

På scena møter du eit par med fargerik livsvisdom frå ytre Sunnmøre – og det dei ikkje har ei meining om, det finst knapt! Med glimt i auge og skråblikk, byr dei på ei forestilling der det lune møter det ville, og kvar einaste replikk er levert med timing på høgde med fjella rundt oss.

Praktisk informasjon:

  • Av og med: Fredrik Steen & Ørjan Liavåg

  • Regi: Karina Aase

  • Varigheit: 1 time og 20 minutt

  • OBS! Unummererte plassar – ver ute i god tid!

Gjer kvelden komplett – vel showpakke

Kviknes Hotel tilbyr eigne showpakkar med billett, overnatting og frukost – perfekt for par, vennegjengar eller den som ønskjer seg ei ekstra oppleving i Balestrand.

Velkomen til ein kveld full av latter, kunst og gode stunder ved fjorden!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Til Kviknes Hotel med bil – ei oppleving i seg sjølv