Luttprisen flyttar til Balestrand

Denne gjengen er blant dei som inviterer deg til Luttprisen i Balestrand laurdag 2. mars. f.v Kristin Sandal i OnCue, Stian Sjursen Takle i NRK Vestland, Per Áki Sigurdsson Kvikne frå Kjartan Lauritzen og Sigurd Kvikne frå Kviknes Hotel.

Det er klart for ein glamorøs storfest når Luttprisen flyttar til 6899 Balestrand i mars. Saman med Kviknes Hotel og gjengen på Balestrand Hotell inviterer Luttprisen alle til å hylle musikklivet i Sogn og Fjordane i den naturskjønne kulturbygda.

- Dette har eg gleda meg til  lenge. Eg kan love at dette blir ein fest du ikkje vil gå glipp av. Laurdag 2. mars skal vi verkeleg vise kor mykje bra Sogn, Sunnfjord og Nordfjord har å by på, seier prosjektleiar i NRK Vestland, Stian Sjursen Takle.

Luttpris nummer 18

Luttprisen har som mål å løfte fram musikklivet i Sogn og Fjordane, og har så langt blitt delt ut 17 gonger. Kvart år har det blitt arrangert store prisshow rundt om i den nordlege delen av Vestland fylke. I fjor vart Odd-Erik Lothe årets artist i Operahuset Nordfjord. I år er prisutdelinga altså lagt til Balestrand, i eit samarbeid mellom gjengen i Kjartan Lauritzen, Kviknes Hotel, Brak, Vestland fylkeskommune, produksjonsselskapet OnCue og NRK Vestland. 

- Vår lokale Spellemann

I Balestrand gler dei seg til å vere vertskap for årets prisutdeling. 
- Når me fekk spørsmål om det kunne vere mogleg å få til Luttprisen i Balestrand, blei me alle veldig gira. Dette måtte me få til. For oss er Luttprisen vår lokale Spellemannspris, og ein av dei viktigaste bidraga til å løfte lokale musikarar. Me er ekstremt takknemlege for kva dei, og spesielt Stian, gjer for musikken i Sogn og Fjordane. Me vonar både bransjen, artistar og publikum vil komme for å bli med på ein ekte Balestrandfest, Seier Teddy og Per på Balestrand Hotell. 

Norges mest spelte

Musikklivet i Sogn og Fjordane blomstrar for alvor akkurat no. Fem av dei mest spelte artistane i norges største radiokanal, NRKP1, er frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. 

-Fantastisk! Det har aldri skjedd før! Då er det ekstra stas at alle fem skal opptre under Luttprisen i Balestrand, seier Sjursen Takle i NRK Vestland. Han siktar til Anna Lille frå Nordfjordeid, Oddny frå Bremanger, Line Dybedal frå Stad, Håvard frå Gloppen og  MAIH frå Fjaler.

Arian skal leie showet

Men dei er langt frå dei einaste artistane som står på scena i Kviknes hotel denne festkvelden. Dit kjem nemleg også blant anna Finn Tokvam, Olav Stedje og Odd-Erik Lothe, Gunn Kvaale, b0ka og sjølvsagt Kjartan Lauritzen. Programleiar for showet er Arian Engebø frå Førde. Ho har tidlegare leia både den norske finalen i MGP og P3 Gull.
-Vi er ikkje ferdig med køyreplanen for showet. Så det kan fort dukke opp nokre overraskingar. Dessutan skal vi jo dele ut pris til årets artist, årets nykommar og ein pris til årets eldsjel, fortel prosjektleiar Sjursen Takle. Det vert også fagprogram, forspill og etterfest på Balestrand hotell under Luttprishelga.

Desse kan bli årets artist

16 artistar er nominert til å vinne Luttprisen som årets artist. Du kan vere med å røyste på din favoritt nederst i denne artikkelen. Dei nominerte er:

Kjartan Lauritzen er blant artistane som står på scena under Luttprisen i Balestrand laurdag 2. mars.

  • Sigrid Moldestad

  • Olav Stedje

  • Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam

  • Teo

  • Eirik Sognnes

  • Erlend Apneseth trio

  • Karl Seglem

  • Good Time Charlie

  • Steinar Karlsen

  • Elida Høgalmen

  • Kjartan Lauritze

  • b0ka

  • Tungevaag

  • Sigrid Felde

  • Gunn Kvaale

  • Line Dybedal

  • Eva Weel Skram

Desse kan bli årets nykommar

Det er fem artistar som er nominert til å bli årets nykommar. Desse kan du også røyste på nederst i denne artikkelen. Dei nominerte er Anna Lille, Oddny, MAIH, We Met in June og Håvard. Luttprisane er stipend på 25.000 kroner frå sparebankstiftingane til Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest. Siste frist for å levere røyst til Luttprisen er 25. februar klokka 23. Du kan berre røyste to gonger i døgnet på din favoritt. Luttprisen vert bestemt av ein fagjury saman med røystene frå folkejuryen.

Nominer din eldsjel

Det skal også delast ut pris til årets eldsjel under Luttprisen. Denne prisen skal gå til ein person eller gjeng som løfter fram musikarar frå Sogn og Fjordane. Prisen har tidlegare mellom anna gått til Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff og Viggo Randal i Utkantfestivalen. Du kan nominere din kandidat ved å sende ein epost med grunngjeving til brak@brak.no innan 20. februar.

Direkte i radio
Billettane til årets Luttpris på Kviknes hotel i Balestrand vert lagt ut for sal på TicketCo torsdag 25. januar klokka 09.

Luttprisen vert sendt direkte i radioen i Sogn og Fjordane laurdag 2. mars klokka 21. Dagen før går heile dagsendinga frå Balestrand hotell med berre musikk frå Sogn og Fjordane på sendeplanen. Musikkorganisasjonen Brak og Vestland fylkeskommune arrangerer også eit fagseminar for arrangørar, musikarar og festivalar i løpet av Luttprishelga.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

No kan du booke rom til årets Balejazz

Neste
Neste

Opplev musikken til Dylan, Taylor og Springsteen på Kviknes