Til Kviknes Hotel med bil – ei oppleving i seg sjølv

Reisa til Balestrand går gjennom nokre av Noregs vakraste fjellovergangar, der naturen skiftar mellom ville fjell, djupe dalar og storslåtte utsyn. Med bil har du moglegheit til å stoppe undervegs og ta inn alt det vakre landskapet har å by på.

 

Sognefjellet

Sognefjellet, Noregs høgaste fjellovergang, er ein spektakulær del av vegen til Kviknes Hotel. Med sine majestetiske fjell, brear og vide utsyn er dette eit landskap som har fascinert reisande i generasjonar. Turen over Sognefjellet er meir enn eit praktisk ruteval, det blir ein stor del av sjølve opplevinga.

Foto: Werner Harstad/Statens Vegvesen

Gaularfjellet

Gaularfjellet byr på ei av dei mest imponerande fjellovergangane i regionen, med bratte fjellsider, fossar og djupe dalar. Vegen slyngjer seg oppover fjellet med spektakulære utsiktspunkt undervegs. Turen over Gaularfjellet er både ei naturoppleving og ein praktisk veg til Kviknes Hotel, som gjer reisa minneverdig frå første sving.

Strynefjellet

Køyreturen over Strynefjellet tek deg med gjennom eit landskap der kontrastane mellom snødekte toppar og frodige dalar skapar ei magisk oppleving. Her er det mange stoppestader der du kan nyte utsikta, og vegen gir ei naturnær og minneverdig reise til Kviknes Hotel.

Foto: Per Ritzler, Statens Vegvesen

Filefjell

Filefjell er ein av dei eldste og mest brukte fjellovergangane i landet, og knyter saman aust og vest på vakker vis. På turen over Filefjell møter du eit skiftande landskap – frå frodige dalar til opne fjellvidder. Med bil har du høve til å stogge undervegs og nyte alle dei vakre utsiktspunkta før du set kursen mot fjorden og Kviknes Hotel.

Foto: Visit Valdres

Hemsedalsfjellet

Hemsedalsfjellet, kjend som «Skandinavias alper», er eit imponerande fjellområde som tek deg over mektige fjellmassiv og gjennom vide dalar med ei eiga storleik. Reisa over fjellet er både praktisk og vakker, og gir deg sjansen til å oppleve dramatiske fjellformasjonar, glitrande fjellvatn og høgfjellslufta på sitt beste.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Med Balestrand som base - her er perlene du må oppleve i Sogn