Kviknes Hotel gjennom 150 år
Frå eit lite gjestgiveri ved fjorden til eit av dei mest kjende hotella i Noreg. Gjennom 150 år har Kviknes Hotel vakse i takt med reisemåtane, bygda og familien Kvikne som har drive det.
1752
Gjestgivartradisjon på Holmen i Balestrand
Gjestgivertradisjonen på Holmen går tilbake til 1752. Her kunne reisande langs Sognefjorden få mat og nattely før dei drog vidare.
1877
Ole Kvikne tek over
Ole Kvikne kjøper Holmen Gjestgiveri saman med kona Kari. Med landhandel, dampskipsekspedisjon og nokre få sengeplassar legg dei grunnlaget for Kviknes Hotel.