Eventyrslottet ved Sognefjorden
Kvalitet, tradisjon og atmosfære
Du kan alltid finne noko vakkert å kvile auga på i Balestrand. Det kan vere landskapet, fjorden, fjella eller den stadig skiftande himmelen. Det er noko av det beste Noreg har å by på.
Denne majestetiske trebygningen ligg idyllisk til ved Sognefjorden og utstrålar ein helt spesiell atmosfære. I 1973 blei hotellet utvida med 165 rom i ein ny, moderne fløy. Dei store fellesområda er fylt med originale kunstverk som viser den store tiltrekningen Balestrand hadde for dei store kunstnarane frå den nasjonalromantiske tida. I dag er det fjerde generasjon av Kvikne-familien som ønskjer deg velkommen hit.
“Me ønskjer at gjestene våre skal setje pris på Kviknes som ein god stad å vere, heile året. Identiteten vår byggjer på tradisjon og historie, kombinert med kvalitet og god service.”
Balestrand er eit populært reisemål for reisande frå heile verda. Den unike kombinasjonen av alpine toppar, panoramautsikt over fjordane, arkitektur og rik historie og tradisjon som går attende til vikingtida.
Det var eit av dei første store turistmåla i Noreg, og har blitt spesielt kjenf blant målarane for sitt spesielle fjordlys. Balestrand er den perfekte steden for å suge til seg området sin unike historie, kultur og nyte det vakre landskapet.
Destinasjonen Balestrand
Området rundt hotellet byr på alle slags turstiar. Frå slake stiar over skogkledde åssider, til krevjande fotturar opp dei bratte fjellsidene.
Balestrand ligger ved breidden av Sognefjorden, den lengste og djupaste fjorden i Noreg. Bygda Balestrand er kjent for sin fantastiske natur.
Historia vår
Historie har alltid vore ein viktig del av opplevinga på Kviknes Hotel. Generasjonar har teke godt vare på antikvitetar og kunstverk, noko som gir hotellet sin spesielle sjarm og atmosfære i dag.
Romma våre
Kviknes Hotel er moderne, men fullt av sjel og atmosfære. Med 190 rom er det blant dei norske hotella som har aller mest historie å fortelje.
Familien Kvikne har bevart det opphavelege trehotellet, men etter kvart som stadig fleire gjester fann vegen hit, blei nye utvidingar eit naturleg steg vidare.
Dei fleste av romma våre ligg i den “moderne” bygningen frå 1954. Her finn du nyrenoverte og komfortable rom.
Dei aller fleste med balkong og flott utsyn.
I den historiske bygninger er våre demi-suitar og rom med fjordutsikt. Nokre av romma er i den austvendte vingen, andre i fronten av den sveitsike bygningen. Dei aller fleste har balkongar og samtlige byr på eit spektakulært utsyn over Sognefjorden.
Din perfekte base ved Sognefjorden
Balestrand er lokalisert midt i Sogn, noko som gjer Kviknes til ein perfekt base for ei rekke opplevingar.
Balestrand Fjord Adventures
Balestrand Fjord Adventure tilbyr guida RIB-båtturar på Sognefjorden. Målet deira er å gi gjestane den best moglege opplevinga av fjorden og naturen. Velkomen om bord – og god tur!
Ciderhuset
Fruktdyrking har lange tradisjonar i Balestrand, og næringa står sterkt i området. Midt i dette finn du Ciderhuset – kjend for å produsere sider av høg kvalitet, med fleire internasjonale prisar bak seg. Her blir tradisjonelle produksjonsmetodar kombinerte med moderne handverk, noko som gir sider med særpreg, djupne og ekte smak av Sognefjorden.
Glaciertour
Denne flotte turen startar i Balestrand. Undervegs kjem opplevingane som perler på ei snor – så ha kamera klart og ta turen opp på dekk! Pakka byr på ei rekkje høgdepunkt: eit spennande besøk på Norsk Bremuseum, skyttelbuss vidare til den mektige Bøyabreen, og ei stemningsfull fjordcruise på Fjærlandsfjorden.
Norsk Reiselivsmuseum
Eit særprega og moderne bygg står side om side med fleire av dei historiske husa i bygda, og saman skapar dei ei spennande heilskapleg oppleving. Dei særeigne fjellveggane inne i hovudbygget dannar ei unik atmosfære for å formidle den fascinerande historia om reiseliv og ferdsel i Noreg.
Fiske- og fjordopplevingar
Få skreddarsydd ein privat fisketur i dei lokale fjordarmane – med utsikt til både isbrear og fossar. Undervegs får du høyre Kaptein Tor fortelje historier og dele lokal kunnskap, slik at du kjem tett på livet langs Sognefjorden. La deg inspirere – og opplev Sognefjorden på sitt aller beste!
Flåm og Nærøyfjorden
Nærøyfjorden er kanskje den mest storslåtte og majestetiske fjordarmen av Sognefjorden. Fjorden står på UNESCO si verdsarvliste, og om sommaren kan du oppleve han på nært hald med ein fjordcruise.
Jostedalsbreen
Jostedalen er ei lita bygd full av store opplevingar. Her kan du utforske den majestetiske blåisen på guida turar om sommaren, rafte i elva eller legge ut på fine fjellturar i det vakre landskapet.
Urnes Stavkyrkje
Urnes stavkyrkje, den eldste av stavkyrkjene i Noreg, står på UNESCO si verdsarvliste. Kyrkja er eit unikt møte mellom vikingtidas ornamentikk og tidleg kristen byggjeskikk, og ho ligg vakkert til med utsyn over Lustrafjorden.
Bokbyen Fjærland
Bøker på kaia, bokhyller på busstopp, bokkaféar – og til og med eit bokhotell! I tillegg kjem alle bruktbutikkane fulle av bøker på ulike språk, og dei spanande litteraturarrangementa og festivalane. Dette er berre eitt av mange gode grunnar til å leggja turen til Fjærland neste gong du vitjar Vestlandet.
Ein fryd for auge og gane
Ein kan ikkje leva av vakker utsikt og god atmosfære aleine. Maten er ein viktig del av opphaldet, og på Kviknes legg vi vekt på sanselege opplevingar du vil minnast lenge. Kjøkkensjefen byggjer gourmetmenyen sin på dei ferskaste råvarene – med fjorden som eit framifrå spisskammer.
Gjestfridom gjennom fire generasjonar
Kviknes Hotel sine gjestegivartradisjonar strekkjer seg heilt attende til 1752. Familien Kvikne, som framleis eig hotellet, tok over drifta i 1877. Hotellet vart oppført i sveitserstil, og har halde på sitt særpreg sjølv etter fleire ombyggingar og utvidingar.
No er det ei ny generasjon som fører arven etter familien Kvikne vidare. Sigurd Kvikne står for den daglege drifta, saman med syskena sine, Marta og Kari. Ta gjerne ein rusletur gjennom salongane og nyt alt det denne kunstinteresserte og internasjonale hotellfamilien har samla gjennom generasjonar. Kom hit for å nyte eit lite pusterom.
Planlegg ei reise du vil hugse livet ut
Kontakt oss
Her finn du kontaktinformasjonen du treng for å planlegge ditt neste opphald i Balestrand.
Få eit innblikk
Følg kvardagen vår på sosiale medim her.
Vegen hit
Balestrand og Kviknes Hotel er den perfekte basen for å oppleve Sognefjorden og bygdene rundt oss.