Rom med utsikt i det moderne bygget frå 1960-talet

Romma i det moderne bygget er av to typar. Alle romma har balkongar.

Dobbeltromma, med eiga sittegruppe, ligg mot vest og har utsikt til fjorden, bygda og St. Olafskyrkja i tillegg til Raudmelen som ligg 972 m.o.h. Nokre av romma har queen-senger.

Twinromma, som er litt mindre og har seperate senger, ligg mot aust og har utsikt til fjorden, Sognefjord Akvarium og Tjugum Kyrkje i tillegg til dei spektakulære Esefjella.

Ein kan få rom med dusjkabinett og rom utan tepper.

Foto av rom med utsikt i moderne bygg