Aktivitetar og opplevingar i historiske rammer

Med Kviknes Hotel som base ligg alt til rette for å oppleve Sognefjorden og dei mektige fjella som omkransar den. Enten du planlegg ein aktiv ferie, eller søkjer ro og kvilepuls i vår frodige hage, har vi eit godt tilbod til deg.

I sommar kan du nytte koden “sommar”, eller bestille overnattinga di her, for ekstra gode prisar.

Nytt høvet til å oppleve kunstbygda Balestrand sine mange attraksjonar og kulinariske skattar, eller bruk oss som base når du utforskar Sogn sine langstrakte fjordarmar, mektige isbrear og luftige fjelltoppar.

På jakt etter opplevingar? Her er nokre av våre mest populære aktivitetar:

Klar for å teste formen i nasjonalromantiske motbakkar? Velkommen til Balestrand Opp

Laurdag 7. september går Balestrand sitt eige motbakkeløp av stabelen. Vi gler oss til å ønskje både løparar, mosjonistar og turgåarar velkomne til folkefest i fjellet.