Finn Tokvam kjem til Kviknes Hotel
No får me storfint besøk!
Lørdag 24. oktober kjem Finn Tokvam til Kviknes Hotel med si populære soloshow Velkomen.
Finn Tokvam er blitt kalla inkarnasjonen av Vestlandet. Med varme, underfundige historier, musikk og humor har han begeistra publikum over heile landet. Etter stor suksess med si første soloshowet er han no på den siste turneen – og i Balestrand blir det show nummer 106.
Showet varer i om lag 80 minutt, og startar kl. 19.00.
Gjer det til ei opplevingshelg
Kvifor ikkje kombinere showet med ei avslappande helg ved Sognefjorden? Eller kva med ein fjelltur? Nyt ein betre middag i vår restaurant, overnatt i historiske omgjevnader og vakn til den vakre utsikta over fjorden.
Bestiller du overnatting hjå oss, kan du enkelt legge til showbillettar i handlekorga når du bestiller opphaldet. Treng du hjelp, er du hjarteleg velkomen til å kontakte hotellet på telefon eller e-post.
Berre på show?
Skal du ikkje overnatte, bestiller du billettar direkte via Ticketmaster. Du er òg velkomen til å nyte ein betre middag i restauranten vår før showet. Bord bestiller du ved å kontakte hotellet på telefon eller e-post.
Me ønskjer deg velkomen til ein kveld fylt med humor, musikk og gode historier – midt i hjartet av Balestrand.