Frå fjelltopp til språksjov
Laurdag 3. oktober kjem Linda Eide til Balestrand Hotell med språksjov kl. 21.00. Billettane går unna, så her løner det seg å vere tidleg ute!
Same helg inviterer me på Kviknes Hotel til guida fjellturar til både Keipen og Raudmelen. Kvifor ikkje gjere det til ei heil helg i Balestrand? Nyt frisk fjelluft og spektakulær utsikt på dagtid, før kvelden byr på språkglede og humor med Linda Eide.
Kombiner det heile med ei god natt hjå oss, god mat og vakre dagar ved Sognefjorden.
LIVET ER EIT SPRÅKSJOV– Kva språket har gjort med meg
Linda Eide er mildt sagt opptatt av språk. Det held henne vaken om natta og i gang om dagen.No har ho skrive bok om det, og laga sjov om det – og kjem til Balestrand Hotell med det!Om framsyningaBli med inn i Lindas språkunivers, og få forteljinga om kva språkethar gjort med henne. Heng med frå barndom til språksjov. Frå Fatternsitt sjømannsspråk til Besto sin svarabhaktivokal. Frå han Knut underbakken til ho Peranna på Høgde.Frå Linda er super til verre enn horer i havsnød. Frå journalistutdanning til sparken på dagen.Dette er scener frå eit språkliv – til glede, sinne, trøyst, og rett som det er, berre blott til lyst.
Les meir og bestill billett her.
Utforsk den vakre naturen rundt Balestrand med vår vandrepakke. Her får du alt du treng for ei innhaldsrik helg med flotte naturopplevingar og god mat.
Balestrand byr på eit variert nettverk av godt merkte turstiar. Frå enkle vandringar til spektakulære toppturar med utsikt over Sognefjorden.
Etter dagens fjelltur ventar ein betre middag, før kvelden held fram med språkshow med Linda Eide på Balestrand Hotel..
Pakken inkluderer:
Overnatting
Middag og frukost
Nistepakke med mineralvatn
Turkart
Guide
Les meir om vandrepakken og bestill her.
Det er mange flotte fjellturar i nærleiken av hotellet. Denne helga kan du bli med på guida tur til Raudmelen eller Keipen – to spektakulære fjellturar med storslått utsikt over Sognefjorden og fjella rundt.
Raudmelen (972 moh)
Raudmelen er ein av dei mest populære fjellturane i Balestrand, og byr på ei av dei flottaste utsiktene over Sognefjorden. Frå toppen, 972 meter over havet, får du eit imponerande panorama over fjorden, Esefjorden og dei majestetiske fjella som omkransar bygda.
Turen er rundt 10 kilometer tur/retur og tek om lag 5–6 timar. Stien er godt merkt og går gjennom variert terreng med både skog, opne fjellparti og fleire flotte utsiktspunkt undervegs. Ta gjerne ein pause ved Orrabenken eller Buråsi, der du kan nyte utsikta før du går vidare mot toppen.
Raudmelen er ein middels krevjande til krevjande tur og passar best for deg som er van med å gå i fjellet. Turen kan gåast frå juni til oktober, avhengig av snøforholda.
Dette er ein tur som gir ei ekte fjelloppleving og eit utsyn du seint vil gløyme.
Her kan du lese meir om turen og sjå video frå løypa.
Kjelde: Visit Sognefjord. Videoen er henta frå YouTube-kanalen Glimpse of Freedom.
Keipen (1417 moh)
Keipen er ein av dei mest spektakulære fjellturane i Balestrand og blir ofte omtalt som «Sognefjorden sitt svar på Preikestolen». Frå toppen, 1 417 meter over havet, ventar ei storslått utsikt rett ned mot Sognefjorden og det mektige fjellandskapet rundt. Dette er ei naturoppleving som verkeleg løner alt strevet oppover.
Ruta er rundt 14 kilometer lang med ein høgdeskilnad på nær 1 500 meter, og turen tek vanlegvis mellom 7 og 9 timar. Undervegs går du gjennom vakker natur og passerer mellom anna Gulleplet, eit flott utsiktspunkt der mange tek ein velfortent pause før den siste stigninga mot toppen.
Keipen er ein krevjande fjelltur som passar best for deg med god fysisk form og erfaring frå fjellet. Til gjengjeld får du ei av dei mest imponerande utsiktene langs heile Sognefjorden, ei oppleving du seint vil gløyme.
Les meir om turen til Keipen og sjå video frå løypa.