Nye suitar med historisk sus

Historisk sjarm, moderne komfort og Sognefjorden rett utanfor vindauget.

I 2026 har me restaurert to suitar og eit Deluxe-rom i det ikoniske sveitsarbygget på Kviknes Hotel.

Når berre det beste er godt nok

Det er noko heilt eige ved å vakne på Kviknes Hotel, omgitt av historie og med utsikt over Sognefjorden. No kan du oppleve hotellet på ein ny og endå meir eksklusiv måte.

Dei nyrestaurerte romma kombinerer historia og særpreget til Kviknes med moderne fasilitetar og herleg komfort. Romma er utforma i samarbeid med den norske designaren Gunvor Røkholt, med stor respekt for bygget, handverket og historia som sit i veggane.

Resultatet er tre unike rom – alle med sitt eige uttrykk og utsikt mot den majestetiske Sognefjorden.

 

Tre unike rom

Suite 219: Deluxe Suite

Vår største og mest eksklusive suite. Her får du to separate soverom, to bad, ei innbydande stove, stor privat balkong og eige vinskap. Og ikkje minst – panoramautsikt over Sognefjorden

Meir info og bilde

Rom 130: Deluxe Demi Suite

Demi suite byr på king size-seng, stilfullt bad, komfortabel sittegruppe og heile to private balkongar med utsikt mot fjorden.

Meir info og bilde

Rom 126: Deluxe Superior Dobbeltrom

Kombinerer komfort og eleganse med king size-seng, privat balkong og ei innbydande sittegruppe.

Meir info og bilde

 

Ei ekte Kviknes-oppleving

Her kan du starte dagen med utsikt over fjorden, nyte Balestrand og den vakre naturen rundt hotellet, før du kjem tilbake til god mat, historiske salongar og ditt eige rom med det vesle ekstra.

Dette er for deg som ønskjer meir enn berre ei overnatting – og som vil oppleve Kviknes Hotel frå si mest eksklusive side.

Booke eit Deluxe-opphald?

Deluxe Demi Suite og Deluxe Superior Dobbeltrom kan bestillast på vår bookingside. For Deluxe Suite, ta kontakt for reservasjon.

booking@kviknes.no / +47 57 69 42 00

Emilie Brynjulfsen

Emilie er digitalrådgivar i Gasta. Ho brenn for digital marknadsføring, gode nettsider og smarte løysingar – og synest det er ekstra spennande å utforske korleis AI endrar måten vi søkjer og kommuniserer på.

emilie@gasta.no

Neste
Neste

Frå fjelltopp til språksjov