Deluxe Demi Suite på Kviknes Hotel
Rom 130 er for deg som ønskjer det lille ekstra.
Nyt Sognefjorden frå to private balkongar
I det historiske sveitsarbygget på Kviknes Hotel finn du vår eksklusive Deluxe Demi Suite, rom 130. Her møtest historisk sjarm og moderne komfort, med ei fantastisk utsikt over Sognefjorden.
Eksklusiv stemning i det ikoniske sveitsarbygget
Suiten er på 36 m² og har ei komfortabel king size-seng, eit stilfullt bad med dusj og ei innbydande sitjegruppe. Her kan du senke skuldrene og nyte rolege morgonar og avslappande kveldar i vakre omgjevnader.
Med to private balkongar har du rikeleg med høve til å nyte den storslåtte fjordutsikta. Finn deg ein god plass med ein kopp kaffi frå Nespresso-maskina eller eit godt glas frå ditt eige vinskap, og nyt stillheita ved Sognefjorden.
Ein suite for deg som ønskjer det vesle ekstra, der historisk eleganse, moderne komfort og den vakre Sognefjorden skaper rammene for eit heilt spesielt opphald.
Fasilitetar:
36 m²
Plass til 1 til 2 personar
To private balkongar med utsikt over Sognefjorden
King size-seng
Stilfullt bad med dusj
Sitjegruppe
Nespresso kaffimaskin
Eige vinskap
Teppe på golvet
TV
Vatnkokar
Bildegalleri Deluxe Demi Suite 130
Book ditt Deluxe-opphald
Ein sjeldan sjanse til å oppleve eit av Noregs mest kjende historiske hotell på ein ny og eksklusiv måte.
Deluxe Demi Suite kan bestillast på vår bookingside.
Vårt Deluxe-konsept
I 2026 restaurerte me to suitar og eit Deluxe-rom, alle i det historiske sveitsarbygget: