Deluxe Suite på Kviknes Hotel

Suite 219 er vår største og mest eksklusive suite.

Sjølve kronjuvelen i sveitsarbygget

Suite 219 er majestetisk plassert midt i fronten av det ikoniske sveitserbygget, med panoramautsikt over Sognefjorden.

Frå balkongen opnar utsikta seg rett mot fjorden, der lyset og landskapet skiftar gjennom dagen og gir ei oppleving som er like roleg som ho er storslått.

En balkong med utsikt over en stor sjøfjell i Norge, pyntet med blomster og glass med drikke, solnedgang eller solskinn.

To soverom, to bad og eigen stove

Vår mest eksklusive suite kombinerer historisk storheit med moderne komfort, og byr på ei romsleg og elegant ramme rundt opphaldet ved Sognefjorden.

Her har du to separate soverom og to bad, ei innbydande stove med sofa og spisebord, samt eit eige vinskap for gode augeblikk – enten du feirar noko stort eller berre vil nyte det beste.

Dette er ikkje berre ei suite. Det er ei oppleving av Kviknes på sitt aller beste.

Innendørs bilder av et spiseområde i et rom med vintage dekor. Det er et rundt spisebord med tretten stoler med rosa puter, et blomsterarrangement, og en lysekrone med flere glasslamper henger over bordet. I bakgrunnen kan man se et soverom med seng, og et lite bad ved siden av.

Bildegalleri Deluxe Suite 219

Send førespurnad

Ein sjeldan sjanse til å oppleve eit av Noregs mest kjende historiske hotell på ein ny og eksklusiv måte.

Deluxe Suite kan ikkje reserverast på nett.

For førespurnad, ta kontakt med oss: booking@kviknes.no / +47 57 69 42 00

Et elegant middagsbord dekket med blomster, lysestaker og fine glass. Bakgrunn med røde og gule gardiner og en seng.
Et stort hvitt historisk hotellbygg med mange vinduer, omgitt av grønne trær, med fjell i bakgrunnen og en fjord med refleksjoner i forgrunnen, under en fargerik solnedgang med skydekke.

Vårt Deluxe-konsept

I 2026 restaurerte me to suitar og eit Deluxe-rom, alle i det historiske sveitsarbygget: