Siste sjanse til å oppleve Kviknes Hotel i år!
Fekk du ikkje oppleve Kviknes Hotel i år? Frykt ikkje, det er framleis ikkje for seint! Me nærmar oss slutten på årets hovudsesong, og frå 26. til 31. oktober har me lagt ut ekstra gunstige prisar på overnatting.
Den 31. oktober stenger me dørene for årets hovudsesong, men før den tid håpar me å få ønskje endå fleire gjester velkomne til Balestrand.
Hausten er ei vakker tid ved Sognefjorden. Fjella har kledd seg i haustfargar, lufta er frisk og dagane innbyr til både fine naturopplevingar og rolege stunder. Kva med å ta med nokon du er glad i og nyte nokre dagar med god mat, historisk atmosfære og vakker fjordutsikt?
Siste sjanse for Kvikneburgeren
For mange høyrer Kvikneburgeren med til eit besøk hjå oss. No går det mot siste veka før me tek ein velfortent pause for sesongen.
Har du enno ikkje smakt den, eller har du lyst på ein siste Kvikneburger før vinteren? Då er det berre å nytte høvet!
Me held framleis ope for arrangement
Sjølv om hovudsesongen tek slutt 31. oktober, betyr ikkje det at det blir heilt stille på Kviknes Hotel.
Me tek imot arrangement gjennom heile året, også utanfor hovudsesongen. Skal du samle kollegaene til møte eller bedriftssamling, planleggje julebord eller feire ein spesiell dag med familie og vener? Me hjelper deg gjerne med å leggje til rette for ei fin oppleving i våre historiske salar.
Ta kontakt med oss, så finn me ei løysing som passar dykk.
Velkomen til dei siste dagane av sesongen
Det er framleis tid til å nyte eit opphald hjå oss før me rundar av årets hovudsesong.
Frå 26. til 31. oktober kan du bestille overnatting til ekstra gunstige prisar.
Me håpar å sjå deg før me tek vinterpause, og ønskjer både nye og kjende gjester hjarteleg velkomne!