Takk for ein minnerik sesong på Kviknes Hotel

Endå ein sesong går mot slutten, og me sit att med mange fine minne frå året som har gått.

Sidan me opna dørene i april, har hotellet vore fylt med liv, gode møte og gjester frå fjern og nær. Me har fått oppleve musikk og festivalstemning under Balejazz, feira 17. mai saman, invitert til historisk festmiddag og fått besøk av HM Kongens Gardes drilltropp.

Denne sesongen har me òg vore stolte av å kunne ønskje gjester velkomne til våre nyrestaurerte suitar og Deluxe rom. Og ekstra stas var det då restauranten vår fekk internasjonal anerkjenning og ein plass i Falstaff Restaurant & Bistro Guide Nordics 2026.

Gjennom sommaren og hausten har Balestrand vist seg frå mange av sine vakraste sider. Fjorden, fjella, gode måltid, arrangement og små og store opplevingar har skapt minner me tek med oss vidare.

Men det aller viktigaste er alle menneska som har vore ein del av sesongen. 

Tusen takk til alle gjestene som har besøkt oss, til dyktige medarbeidarar som kvar dag skaper gode opplevingar, og til samarbeidspartnarar og lokalmiljøet rundt oss. De er alle med på å gjere Kviknes Hotel til den staden det er.

Sjølv om hovudsesongen går mot slutten, betyr ikkje det at dørene våre er heilt stengde. Me held ope for arrangement gjennom heile året, også utanfor hovudsesongen. Skal du samle kollegaer, familie eller vener til møte, selskap eller ei spesiell anledning, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med oss.

No gler me oss til det som ventar, og til å ønskje både kjende og nye ansikt velkomne tilbake til Balestrand og Kviknes Hotel.

Frå alle oss på Kviknes Hotel. Tusen takk for i år, og på gjensyn! ❤️

Emilie Brynjulfsen

Emilie er digitalrådgivar i Gasta. Ho brenn for digital marknadsføring, gode nettsider og smarte løysingar – og synest det er ekstra spennande å utforske korleis AI endrar måten vi søkjer og kommuniserer på.

emilie@gasta.no

Neste
Neste

Siste sjanse til å oppleve Kviknes Hotel i år!