Frå Bergen til Balestrand? Sesongen for båtreiser er her

Vi har opna dørene for sesongen og med Norled si sommarrute er det enda enklare å ta fjordvegen til oss.

Turen frå Bergen til Sogn tek i underkant av fire timar og byr på ei vakker reise langs vår mektige fjord.

Ombord på båten kan du jobbe, slappe av eller nyte godt selskap.

Kvifor ikkje legge neste bedriftssamling til Balestrand? Med hurtigbåten vil du oppleve ein annleis reiseveg.

FINN RUTETIDER HER

Kurs og konferanse? Opplev ein ny reiseveg - og ver framme til lunsj

Reiser de frå Bergen med morgonbåten kl 8, er de framme til lunsj. Då kan ein få ei god arbeidsøkt etter lunsj, før ein nyt moglegheitene her på kvelden, med mat, drikke og historiar. Neste dag kan de jobba fram til middagstid, før båten går mot Bergen.

Vi har møterom og konferansesalar som kan romme opp til 450 personar.

SJÅ VÅRT KURS- OG KONFERANSETILBOD

Statue av Kong Olav V

Når du passerar Skjerjehamn ytst i Sognefjorden, kan du sjå den mykje omtala statuen av Kong Olav V, som vart avduka i 2007. I det du kryssar Sognefjorden vil du sjå rett mot Lihesten, eit karakteristisk fjell som skil seg tydeleg ut. På vegen innover vil du passere Brekke på sørsida av fjorden, ein liten plass der det regnar meir enn i Bergen!

Når du nærmar deg Balestrand, vil du sjå det fjellet som er måla av flest kunstnarar i Noreg, nemleg Vindreken. I forgrunnen har du Kviknes Hotel, eit familiehotell som er ein del av De Historiske Hotel.

Her kan du høyre historier som vil få deg til å måpe. Berre spør Sigurd Kvikne!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

No kan du booke rom til årets Balejazz