Nasjonalromantisk festkveld med musikk, kunst og historiske smakar
Laurdag 21. juni inviterer vi på Kviknes Hotel til ei heilt spesiell oppleving i nasjonalromantikkens teikn.
Denne kvelden får du høve til å dykke ned i livet og kunsten til ein av dei mest ikoniske målarane frå Balestrand, Hans Dahl, gjennom eit kåseri og ein konsert med den allsidige pianisten Frode Skag Storheim.
Frode tek oss med på ei levande og musikalsk forteljing om Hans Dahl sitt liv og virke – frå dei nasjonalromantiske motiva i fjordlandskapet til dei sterke banda til Balestrand, som inspirerte både kunstnarar og keisarar.
Etter konserten held festkvelden fram i spisesalen, der kjøkenet vårt har gjenskapt ein historisk meny frå Keisar Wilhelm II sin Hohenzollern-tid. Det vert servert rettar inspirert av menyar frå keisaren sine eigne besøk i Balestrand – akkompagnert av utvalde tyske vinar.