Nasjonalromantikken blømer! Historisk festmiddag i pinsehelga
Laurdag 23.mai kan du oppleve ein historisk festmiddag på Kviknes Hotel, dedikert til Hans Dahl og den rike kunst- og kulturhistoria i Balestrand.
I pinsehelga 2026 inviterer Norsk Reiselivsmuseum til arrangementet dei kaller “Pinsehelg i Balestrand: Nasjonalromantikken blømer”. Her er det program heile pinsen, med omvisingar, panelsamtalar, føredrag, konsertinnslag og historiske opplevingar.
Som ein del av programmet arrangerer Kviknes Hotel ein historisk festmiddag laurdag kveld, på sjølve pinseaftan 23. mai kl. 19:00.
Denne kvelden får du høve til å dykke ned i livet og kunsten til ein av dei mest ikoniske målarane frå Balestrand, Hans Dahl, med historieforteljing og musikalske bidrag i tillegg til eit herleg måltid.
Menyen hentar inspirasjon frå Hans Dahl sin 70-årsfest. Sjølvsagt akkopagnert av noko godt i glaset frå vinkjellaren vår, som er Sognefjordens største og mest innhaldsrike.
Kunstmusikalsk vertskap er pianist Frode Skag Storheim og fløytist Berit Hella Lindberg.
Påmelding: send e-post til booking@kviknes.no
Påmeldingsfrist: måndag 18. mai
Sjå heile programmet til pinsehelga i Balestrand ved å trykke på biletet under.