Framsyning med HM Kongens Gardes drilltropp 25. mai

Hans Majestet Kongens Gardes 3. gardekompani kjem til Balestrand måndag 25. mai.

Måndag 25. mai får me storfint besøk på Kviknes Hotel. Hans Majestet Kongens Gardes 3. gardekompani kjem til Balestrand for å halde drilloppvisning framfor hotellet.

3. gardekompani er den mest profilerte og kjende avdelinga i HM Kongens Garde, og er verdskjende for kombinasjonen av presis drill og levande musikk. Gjennom fleire tiår har kompaniet representert både Garden, Forsvaret og Noreg på oppdrag og oppvisningar i inn- og utland.

Framsyninga startar kl. 14:00 måndag 25. mai og er heilt gratis å sjå på.

Publikum kan vente seg eit imponerande show med rytme, presisjon og spektakulær våpeneksersis frå drilltroppen.. Arrangementet er ein del av kompaniet sin rundtur på Vestlandet, og me gler oss stort til å ønskje dei velkomne til den vakre Sognefjorden.

Velkomen til ei oppleving utanom det vanlege!

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Nasjonalromantikken blømer! Historisk festmiddag i pinsehelga