Restauranten på Kviknes Hotel får internasjonal anerkjenning

Me er stolte og glade over å bli lista i den internasjonale gourmet-guiden Falstaff.

I over hundre år har Kviknes Hotel invitert gjester til bords ved Sognefjorden. No har me fått beskjed frå Falstaff om at me er blitt stemt fram som ein av Noregs beste restauranter ifølge deira guide Falstaff Restaurant & Bistro Guide Nordics 2026.

I guiden deira har me fått eigen plass i lista, med totalt 87 av 100 moglege poeng.

Gourmet-guiden listar 1900 restaurantar og bistroar i Europa. Av desse er 48 lokalisert på Vestlandet og berre 14 av dei har høgare score enn Kviknes Hotel.

Det synest me er veldig stas, all den tid me driv så mykje anna enn berre restaurant på det historiske hotellet vårt!

Gode råvarer og lokale tradisjonar

Gjennom generasjonar har Kviknes Hotel utvikla ein matkultur der råvarene får stå i sentrum.

Smaken er forankra i lokale tradisjonar, foredla med dagens kunnskap og teknikkar.

Vår matfilosofi

Mat og drikke med utsyn til fjorden

I over hundre år har me invitert gjester til bords ved fjorden. I dag som då er det råvarene, handverket og gjestegleda som formar kvar rett.

Om restauranten vår

Sognefjordens største vinliste

Guiden nemnar óg den innhaldsrike vinkjellaren på hotellet. Vinlista vår er Sognefjordens største og mest innhaldsrike, med eit utval på over 300 ulike vinar.

Vår vinkjellar

 

87 av 100 poeng - og 2 av 4 gaflar

I poengsystemet til Falstaff har restauranten vår fått tildelt 2 av 4 gaflar. Dette er basert på 87 av totalt 100 poeng:

  • Mat: 42/50

  • Service: 17/20

  • Vin: 19/20

  • Stil: 9/10

Dette er vi stolte av! Velkomen til eit herleg måltid på Kviknes Hotel.

Slik ser diplomen frå Falstaff ut.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Framsyning med HM Kongens Gardes drilltropp 25. mai