Nyheit: Nyrestaurerte suitar og Deluxe-rom på Kviknes Hotel

Opplev historisk luksus ved Sognefjorden.

Me er stolte av å vise fram nyrestaurerte suitar og Deluxe-rom på Kviknes Hotel frå våren 2026.

Våren 2026 lanserer me eit heilt nytt Deluxe-konsept på Kviknes Hotel. Me har restaurert tre nye Deluxe-rom, herunder to suitar. Romma er nøye utforma i samarbeid med den anerkjende norske designaren Gunvor Røkholt, og kvart rom speglar karakteren, historia og handverket i omgjevnadene.

Her får du moderne fasilitetar kombinert med historisk sjarm og herleg luksus. Ein sjeldan sjanse til å oppleve eit av Noregs mest kjende historiske hotell på ein ny og eksklusiv måte.

Tre gradar av luksus

Me har restaurert to suitar og eit Deluxe-rom, alle i det ikoniske sveitsarbygget. Under kan du sjå dei ulike romma.

Suite 219: Deluxe Suite

Vår største og mest eksklusive suite, med to soverom, to bad og ein stor, privat balkong midt på det ikoniske sveitsarbygget.

Meir info og bilde

Rom 130: Deluxe Demi Suite

Demi suite med kingsize-seng, bad, sittegruppe og ein fantastisk utsikt over Sognefjorden frå to private balkongar.

Meir info og bilde

Rom 126: Deluxe Superior Dobbeltrom

Stort dobbeltrom med kingsize-seng, bad og fantastisk utsikt over Sognefjorden frå ein privat balkong.

Meir info og bilde

Booke eit Deluxe-opphald?

Deluxe Demi Suite og Deluxe Superior Dobbeltrom kan bestillast på vår bookingside. For Deluxe Suite, ta kontakt for reservasjon.

booking@kviknes.no / +47 69 42 00

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Restauranten på Kviknes Hotel får internasjonal anerkjenning