Ein historisk møteplass

Legg bedriftssamlinga til Kviknes Hotel.

Bedriftssamling i historiske omgjevnadar

Skal de feire eit jubileum, halde konferanse eller dra på sosial tur med firmaet? På Kviknes Hotel får de ei oppleving som er litt annleis.

Moderne fasilitetar kombinert med vår familiehistorie tilbake til 1877, gjer det spennande å vere her. I Balestrand finn du alt du treng på éin plass, frå overnatting og kurslokaler til herlege måltid og sosiale aktivitetar.

Du kan vandre rundt og gje sansane nye inntrykk. Kokken vår førebur mat av ypparste klasse, og med ein direktør med nase for god vin, har me ein rikhaldig vinkjellar til glede for våre gjester.

Alt på éin plass

Kviknes Hotel ligg i hjartet av Balestrand. Legg du bedriftssamlinga hit, får du alt du treng på éin plass:

  • Overnatting

  • Møterom, konferansesal

  • Teknisk utstyr

  • Kaffimat, lunsj og middag

  • Aktivitetar som vinsmaking, aktivitetar på fjorden, fjellvandring mm.

Våre konferansepakkar

I tillegg til å skreddarsy samlingar på bestilling, har me satt saman ferdige konferansepakkar.

Vel mellom dagpakke, lunsj-til-lunsj, konferansepakke standard eller konferansepakke oppgradert.

Moderne fasilitetar

Me har eigne møterom og konferanselokale med det du treng av teknisk utstyr.

Du får sjølvsagt tilgang på trådlaust internett, og me kan ordne med kaffimat, lunsj og anna du eventuelt treng medan du jobbar.

Sosialt og aktivt i Balestrand

Ingenting er betre enn å kombinere arbeid med litt moro. Rett utanfor døra kan me tilby ei rekkje aktivitetar der me nyttar fjorden og fjella som arena. Velkomen til ei aktivitetsrik oppleving!

Bestill bedriftssamling

Fyll inn skjemaet under, så tek me kontakt med deg. Ønskjer du heller å ringe, ta kontakt på 57 69 42 00.